Trusopplærar

Herøy kommune har ein flott og variert natur med gode  høve til eit rikt friluftsliv på sjøen eller fjellet. I tillegg er det eit rikt kulturliv innanfor mange områder. Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning. I fellesrådsområdet er det 3 sokn og 3 kyrkjer. Staben i Herøy tel i alt 14 personar og vi har kontorfelleskap i Herøy kyrkje som er ei nyare, stor og flott arbeidskyrkje med kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage  og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.

Herøy kyrkjelege fellesråd søkjer

TRUSOPPLÆRAR

Det er ledig 100% stilling som trusopplærar i Herøy kyrkjelege fellesråd frå d.d. Den ledige stillinga er eit vikariat fram til 31.07.18 med moglegheiter for fast tilsetjing.

Arbeidsoppgåver for trusopplærar:

  • Leie trusopplæringa med visjonen «I møte med Jesus» for dei 3 sokna
  • Vidareutvikle og drive trusopplæring etter nyleg vedteken trusopplæringsplan for alle døypte frå 0-18 år i kyrkjelydane.
  • Ha aktiv kommunikasjon med sokneråda og andre relevante råd/utval og rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
  • Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid/konfirmantarbeid for barn og unge i team med kyrkjelydspedagog og barne- og ungdomskoordinator
  • Medadministrator av heimeside og facebook

Kvalifikasjonar for trusopplærar

  • Relevant utdanning med pedagogikk og kristendom i fagkretsen og/eller anna relevant utdanning.
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning
  • Erfaring med planarbeid og undervisning er ønskeleg
  • Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid vert vektlagt

I tillegg ynskjer vi at trusopplæraren er:

  • Glad i å arbeide med barn og ungdom og flink å formidle
  • Ein god motivator som brenn for barn og Jesus
  • Kontaktskapande med evne og vilje til å skape godt samarbeid mellom heim og kyrkje og er open for samarbeid med andre kyrkjesamfunn

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje. Det  vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid. Søkjar må også kommunisere godt på norsk, både munnleg og skrifteleg. Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.

Løn og godtgjering etter gjeldande tariffavtale.

Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø tlf. 70 08 02 60

Søknad med vitnemål og attestar vert å sende

Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg / kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no     innan 15.01.16

For meir utfyllande annonsetekst/info, sjå www.heroy-kyrkje.no