Overtannlege

Sted
Kristiansund (By), Møre og Romsdal
Publisert
8. september 2017
Utløper
15. oktober 2017
Funksjon
Tannhelse
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid

Overtannlege i Kristiansund kompetanseregion

Fast, 100% stilling som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion i Møre og Romsdal fylkeskommune er ledig.

Kristiansund kompetanseregion har ni distrikstannklinikkar med til saman 40 tilsette.

Stillinga rapporterer til fylkestannlegen og inngår i leiargruppa. Overtannlegen er fagleg og administrativ leiar av den offentlege tannhelsetenesta i kompetanseregionen som omfattar kommunane Kristiansund, Averøy, Smøla, Aure, Halsa, Tingvoll, Rindal, Surnadal og Sunndalsøra.

Arbeidsstad vil vere ved ein av klinikkane i kompetanseregionen.

Meir informasjon om kompetanseregionen og tannklinikkane finn du på internett: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Tannhelse

Vi tilbyr

  • Sentral leiarstilling innanfor eit interessant fagfelt i utvikling.
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og hektisk miljø med høg fagleg kompetanse.
  • Satsing på arbeidsgivarpolitikk med eigne leiarutviklingsprogram.
  • God tjenestepensjon og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP.
  • Lønn etter avtale.
  • Tilsetting på fylkeskommunale vilkår og offentleg pensjonsordning.

Vi ønskjer tydelege og utviklingsorienterte leiarar med:

  • Med gode relasjonelle og kommunikative evner.
  • Odontologisk fagleg utdanning og norsk autorisasjon.
  • Brei klinisk erfaring og gode faglege kunnskapar om behandlingsprinsipp og førebygging.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med etterspurt kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. Søknadsskjema finn du på: www.mrfylke.no/utlysing.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Når du har søkt på stillinga mottar du ein stadfesting på e-post. Sjekk søppelposten din viss du ikkje har fått den innan kort tid. Ta kontakt viss du ikkje får e-post frå oss.